Kjekt å vite

Kjekt å vite for deg som skal bo hos oss


Booking:
Ta kontakt på 61211210 eller leirvassbu@ton.no, så får du hjelp!


Overnatting: For å kunne overnatte inne eller i nærleiken av hytta (telt, bubil o.l.), må du bestille på forhand. Ta kontakt på telefon eller e-post for å bestille, tlf. 61211210 eller leirvassbu@ton.no.

Matservering:
Bordsetning til middag er kl. 18.30 og 20.30. Meld frå i resepsjonen om kva tid du ynskjer å ete. Vil du vere sikra plass på ei konkret bordsetning, ver ute i god tid.
Vil du innom kun på dagsbesøk og ete middag? Ta kontakt med oss på telefon eller e-post. Vi kan ikkje garantere at det er plass, sidan buande gjester blir prioritert.


Veg:
Vegen i Leirdalen er stengd med bom ved Illåe/Geitsætre (om lag 9 km frå Leirvassbu) utanom sesong (vinter/vår- og sommarsesong).

Mobildekning og internett:
I området rundt Leirvassbu er det begrensa med mobildekning. Vi har Wifi som er gratis og utan passord. Signalet er best i fellesområda, og kan vere redusert ut i gangane der romma ligg.


Vêr og føre i området:
Venlegast kontakt Leirvassbu (tlf. 61211210 eller leirvassbu@ton.no.) for fersk informasjon om vêr- og føreforhold.
Du kan sjå på webkameraet for å få ein indikasjon på gjeldande vêr- og snøforhold: https://ton.no/no/leirvassbu-fjellstue/webkamera
Når det gjeld vêret fram i tid, så kan ikkje dei som jobbar på Leirvassbu seie så mykje meir enn det du finn på yr.no eller andre meteorologiske varslingstenester.

Buss/transport/parkering:
Vi har vanlegvis hatt ein buss som går Oslo-Leirvassbu kvar dag i høgsesongen om sommaren. Vi prøvar å få til dette i år også. Det er mogleg å køyre med bil heilt inn til Leirvassbu sommarstid. Bompassering kostar 110,-.

I vintersesongen blir det brøytt parkeringsplass på Sletthamn (om lag 6 km frå Leirvassbu). Frå her kan du fylgje kvista snøscooterløype, eller bestille transport med snøscooter/beltevogn (kun for buande gjester). Transport kostar 150,- pr person, minstepris 300 for køyring, og dobbel pris etter kl. 23. Transport må bestillast i god tid før ankomst. Det kan vere dårleg mobildekning på parkeringsplassen.