Velkommen til Leirvassbu Fjellstue


Kjære Leirvassbu-gjest.

Leirvassbu opna for sommarsesongen 25. juni. På grunn av koronasituasjonen må alle som ynskjer å besøke oss i sommar forhandsbestille plass. Dette gjeld for både overnatting og mat. Også dei som ynskjer å telte i nærleiken av Leirvassbu, og vil bruke sanitæranlegg og andre fasilitetar hos oss, må bestille på forhand.

Leirvassbu må køyre med begrensa kapasitet på grunn av gjeldande smittevernreglar og andre praktiske forhold. Sjå lenger ned på sida for meir informasjon og svar på ofte stilte spørsmål.

For bestilling og meir informasjon om smittevernreglar, pris og anna, ta kontakt med oss på mail eller telefon. Du når oss på 61 21 12 10 eller leirvassbu@ton.no.

Vi beklagar dette sterkt for alle våre gjester, og håpar at situasjonen vil normalisere seg så snart som mogleg.


❗️Viktig informasjon om vegen i Leirdalen 

På grunn av asfaltering til Leirvassbu, blir vegen i Leirdalen stengt i periodar (frå 27. juli) måndag, tirsdag, onsdag og torsdag. Alle som må ha tidleg avgang frå Leirvassbu, må difor køyre ut før kl. 08.00 om morgonen. Deretter blir det fri ferdsel mellom kl. 11.30 og 12.30, og mellom kl. 16.00 og 17.00. Fri ferdsel igjen mellom kl. 20.00 på kvelden og 08.00 neste morgon. Dette betyr at det er fri ferdsel i helga, frå kl. 20.00 ftorsdag fram til kl. 8.00 måndag.
Det kan også bli asfaltering på fredagar, om vêret hindrar arbeid. 

Vi beklagar eventuelle ulemper dette medfører for dykk, men gled dykk over ny veg til Leirvassbu! Vi ber om lav fart der det er lagt ut opprettemasse/grus.

 

Helsing alle oss på Leirvassbu ved Tove og Ole Jacob

 


Kontaktinformasjon
Telefon:   61 21 12 10 
E-post:    leirvassbu@ton.no

Sesong 2020
Vinter/vår:  Utgår på grunn av koronapandemien.
Sommer:    25. juni – 13. september


Leirvassbu inngangsparti


Kort om Leirvassbu
Leirvassbu Fjellstue ligger midt i hjertet av Jotunheimens turgåer-eldorado, og er kjent av generasjoner som selve perlen i Jotunheimen. Trolig den beste beliggenheten i fjell-Norge. Fjellstuen er bygd og utviklet med fotturister, skiløpere, klatrere og fjellfolks behov som forbilde. Et eldorado om du ønsker å aktivere deg, eller kun søker roen og utsikten. Leirvassbu Fjellstue (1400 moh) ligger ved Leirvatnet, rett under den karakteristiske fjelltoppen ”Kyrkja”.

DNT – Den Norske Turistforening har merket og loggført ruter som går fra Leirvassbu til alle turisthyttene i området. I vintersesongen er det godt merkede ruter til alle hyttene. Man kan nå cirka 50 fjelltopper over 2000 moh som dagsturer fra Leirvassbu!

Følg oss på Facebook
Live Andrea Sulheim oppdaterer jevnlig Leirvassbus facebooksider. Klikk på lenken og følg oss på facebook: www.facebook.com/pages/Leirvassbu

 

Ofte stilte spørsmål

Viktig informasjon og ofte stilte spørsmål om sommarsesongen på Leirvassbu i år, 25. juni – 13. september 2020:

Sommarsesong:
Leirvassbu opnar torsdag 25. juni og stenger 13. september.

Overnatting:
For å kunne overnatte inne eller i nærleiken av hytta (telt, bubil o.l.), må du bestille på forhand. Grunnen er begrensa kapasitet på grunn av smittevernreglar, og at dei tilsette på Leirvassbu til ei kvar tid må ha oversikt over kven som har vore innom i tilfelle eit smitteutbrot. Ta kontakt på telefon eller e-post for å bestille, tlf. 61211210 eller leirvassbu@ton.no.

Booking:
Leirvassbu tek dessverre ikkje bookingforespørslar via Facebook eller Instagram. Ta kontakt på 61211210 eller leirvassbu@ton.no, så får du hjelp!

Vêr og føre i området:
Venlegast kontakt Leirvassbu (tlf. 61211210 eller leirvassbu@ton.no.) for fersk informasjon om vêr- og føreforhold. Du kan sjå på webkameraet for å få ein indikasjon på gjeldande vêr- og snøforhold: https://ton.no/no/leirvassbu-fjellstue/webkamera
Når det gjeld vêret fram i tid, så kan ikkje dei som jobbar på Leirvassbu seie så mykje meir enn det du finn på yr.no eller andre meteorologiske varslingstenester.

Buss/transport:
I år kjem Valdresekspressen til å gå frå 2. juli, og kanskje ut sesongen (13. september). Bussen vil køyre Oslo–Leirvassbu torsdag, fredag og laurdag, og Leirvassbu–Oslo fredag, laurdag og sundag. Busstilbodet er heilt avhengig av at det er eit kundegrunnlag, viss ikkje kan ruta bli lagt ned før sesongen er over. Difor er det ein fordel at du bestiller billett på forhand om du veit at du skal reise kollektivt. Det er også begrensa med plassar på bussen på grunn av smittevernreglar.

Det er mogleg å bestille transport til/frå hovudvegen/Vegaskjelet og Leirvassbu. Dette må bestillast i god tid på forhand, og kostar 150,- pr person, med minstepris 300,- for ein køyretur.

Kapasitet:
Leirvassbu kan ha maks 120-130 gjester pr dag. Romma med bad og dei fleste romma med vask kan bli brukt, men ikkje 4-sengs køyerom utan vask.

Sengetøy/lakenpose/handkle:
Det er ikkje tillate med medbrakt sengetøy/lakenpose/sovepose og du må leige sengetøy i resepsjonen. Ein må reie opp sjølv. Leie for sengesett kostar kr 105,-. Handkle kan ein ta med sjølv, eller leige for kr 35,- for eit stort og eit lite.

Dusj:
Du må bestille tid for dusj i resepsjonen, fordi dusjane må bli vaska mellom kvar gong dei blir brukt.

Hygienetillegg:
På grunn av smittevernreglane og meirarbeidet dette medfører, har Leirvassbu innført eit hygienetillegg på 100,- pr person pr døgn. Ellers er prisane som opprinneleg.

Matservering:
Det vil bli to bordsettingar til både frukost og middag. Du må bestille tid i resepsjonen. Vil du innom kun på dagsbesøk og ete middag? Bestill på telefon eller e-post, men vi kan ikkje garantere at det er plass. Gjester blir prioritert, og det blir mindre kapasitet i spisesalen på grunn av reglar om å halde avstand. Bordsetning til middag er kl. 18.30 og 20.30.

Smittevernreglar:
Vi oppfordrar alle våre gjester til å halde god avstand til kvarandre både inne og ute, med unntak av familie/venner som reiser saman. Vi har innført hyppig vask av utsette berøringspunkt, tilgang til antibac ved inngang, resepsjon, spisesal og bar. Grunna gjeldande smittevern, gjer vi oppmerksom på at ein ikkje kan vere gjest hos oss om ein har symptom på luftvegsinfeksjon.