Flora og Fauna

Høgda over havet og samansettinga av berggrunn og jordsmonn, gjer at ein i Lom og Skjåk oftast finn berre dei mestnøysame plantene. Men i ein del område er det likevel svært kalkrikt jordsmonn, som gjev grunnlag for noko av landets rikaste flora. Døme finn du ved Gjende, Bøvertun og Soleggen.

Det er og spennande å sjå høgfjellsfloraen opp mot Galdhøpiggen. Få andre stader i landet går skoggrensa så høgt til fjells som i Lom, og mange planter har høgdegrensa si her.

Lite av denne skogen (ca. 2,8%) eignar seg for skogsdrift og det er difor mogleg å finne mykje urskog i kommunen. På grunn av dei mange vekstsonene i Lom er dyrelivet og særleg fuglelivet svært variert. I våtmarksområda Åsjo, Risheimsøya og Smådalsmyrene er det registrert meir enn 100 forskjellige artar både hekkande og trekkfuglar.

Dei store fjellområda høver godt for rype, og det finst og noko skogsfugl.

Det er få overvintrande artar, men våtmarksområda er viktige trekklokalitetar om vinteren. Det bør og nemnast atsnøsporven er sett mange gonger på toppen av Galdhøpiggen. I Lom finst ein både villrein- ogtamreinstamme. Ottadalen dannar grense mellom områda. Villreinstamma tel rundt 2000 dyr medan tamreinstamma kan variere mellom 1500 og 2500 dyr avhengig av beitetilhøva. Reinen er svært var, spesielt i kalvingsperioden. Det erdifor vedteke å opprette Reinheimen Nasjonalpark der villreinsstamma held til. I skogdalane finst elg, hjort og rådyr. Skal ein studere desse dyra må ein vite kvar dei ferdast. Beste tida for å kunne sjå dyra er tidleg morgon/sein kveld. Harebestanden er minkande. Talet på raudrevar i vekst etter at den nesten vart utrydda av skabb på 80-talet. Det er idei seinare åra observert fleire jervar i fjellet. Elles er bestanden av mår og gaupe aukande.

Lom har omlag 140 større og mindre vatn og 130 km elver med fisk. I fjellvatna finst det aure. I Ottavatnet finst i tillegg harr. Snittvekta på fisken 300 til 500 gram men det finst også aure på fleire kilo. Det er få regulerte vatn i Lom og det er lite sur nedbør. PH-verdien ligg på rundt 6,5.